Har du søkt, eller vurderer du å søkje, ei ledig stilling i Statens vegvesen? Her finn du nyttig informasjon om korleis rekrutteringsprosessen vår ser ut.

Kvalifikasjonsprinsippet

I staten gjeld kvalifikasjonsprinsippet, som betyr at det er den som er best kvalifisert for stillinga som skal få tilbod. Når vi vurderer om ein kandidat er kvalifisert eller ikkje, så ser vi på utdanning, erfaring og om kandidaten er personleg eigna til stillinga.

Søknad

Ledige stillingar blir lagde ut på heimesidene våre, NAV og som regel FINN.no. For å søkje må du registrere ein profil hos oss og leggje inn relevant informasjon (CV, søknadsbrev og liknande). Årsaka til at vi ber deg fylle inn CV-en din i systemet, er at vi er pålagde å utarbeide offentlege søkjarlister for kvar rekrutteringsprosess.

Dersom utdanninga di er frå eit universitet eller ein høgskole i utlandet, ønskjer vi at du i løpet av prosessen sender oss papir frå NOKUT som stadfestar studiet ditt.  

Intervju

Når søknadsfristen har gått ut, vil vi gjere ei vurdering av søkjarane, og her ser vi kandidatane opp mot kvalifikasjonskrava for den spesifikke stillinga, og gjennomfører intervju av dei mest aktuelle kandidatane.

Vi er med i Inkluderingsdugnaden, og vil kalle inn minst ein kvalifisert søkjar frå spesifikke målgrupper. Dette kan du lese meir om i Statens arbeidsgiverportal (dfo.no).

Referanseintervju

Vi kontaktar referansar for å høyre deira inntrykk av kandidaten eller kandidatane vi sit att med.  

Innstilling og ansettelse

Når vi har fullført intervjurunden skriv vi ei innstilling. Det neste steget er å sende innstillinga til ansettelsesrådet, der representantar frå arbeidsgjevarsida saman med tillitsvalde gjer ei vurdering. Dersom innstillinga blir godkjend i ansettelsesrådet, skriv vi eit tilbodsbrev til kandidaten som blei innstilt på første plass.