Statens vegvesen oppgraderer i og utanfor E39 Uføretunnelen på Stord.

Foto av omkøyringsvegeven på E39.
Denne omkøyringsvegen på E39 på Stord vert utbetra no, før Uføretunnelen på Stord vert oppgradert til hausten. Foto: Knut-Stian Rimmereid, Statens vegvesen.

Jobben på utsida av den 605 meter lange tunnelen startar i månadsskiftet juni-juli. 

Dette skjer utanfor tunnelen

Omkøyringsvegen får no 600 meter nytt betongrekkverk, og det blir montert 28 lysmaster langs heile strekninga på 800 meter.

– Desse utbetringane på omkøyringsvegen har vore ynskt lenge. Vi er glade for å kunna tilby bilistane ein betre omkøyringsveg for å sikra og betra framkommelegheita. Det har vore avgjerande for oss å få dette på plass før arbeida inne i tunnelen startar i haust, seier byggeleiar Knut-Stian Rimmereid i Statens vegvesen Drift og vedlikehold.

Omkøyringsvegen ved Uføretunnelen er og gang- og sykkelveg.

– Det vi gjer no, med veglys og nytt rekkverk, gir betre trafikktryggleik også for mjuke trafikantar, legg Rimmereid til.

Jobben skal vera ferdig innen utgangen av august, og er ei førebuing til eit større oppgraderingsprosjekt inne i sjølve tunnelen.

... og dette skjer inni

Det består i hovudsak av elektroarbeid. Men det vil og verta sett opp eit nytt teknisk bygg, og overvassanlegget blir utbetra.

– Tunneloppgraderinga startar seint på hausten, og vil pågå fram mot sommaren 2022. Arbeida vil i hovudsak bli utført som nattarbeid med stengd tunnel, seier prosjekteringsleiar Erling Guttormsen i Statens vegvesen Utbygging.

Uføretunnelen blir trafikkert av nærmare 4.000 køyretøy i døgnet.

Kontakt 

Knut-Stian Rimmereid
Byggeleiar
Statens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tlf: 95 96 87 63

Aktuelt for fylke(r): Vestland