Riksveg 13 Bu – Kinsarvik i Hardanger, mellom Hardangerbrua og Kinsarvik, er ein flaskehals kvar sommar.

Statens vegvesen er opptekne av å gjera det vi kan for å sikra framkomelegheita og trafikktryggleiken på alle våre vegar til ei kvar tid.

Difor har vi i fellesferien (9. juli – 1. august) klar fylgjebil og trafikkdirigentar viss lysreguleringa ikkje får unna trafikken på denne utsette vegstrekninga.

Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar til å sjekka vegmeldingane på 175.no før ein skal ut og reisa. Her får ein til ei kvar tid oppdatert trafikkinformasjon på alle landets vegar.

Slik kan ein i god tid vurdera alternative omkøyringar, noko som kan vera særleg aktuelt no om sommaren, når trafikken er betydeleg større enn elles.

For ytterlegare spørsmål: Kontakt Vegtrafikksentralen, tlf. 175

Statens vegvesen sett inn tiltak mot ein årviss sommar-flaskehals på Riksveg 13 sør for Hardangerbrua (biletet). Foto: Kjell Wold, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland