Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Litle-Urdaltunnelen på E39 i Alver kommune blir stengd i veke 25 når to store steinblokker skal fjernast.

Det var i samband med at Statens vegvesen sin entreprenør, Mesta, skulle reinska området i fjellsida over tunnelen, at det vart oppdaga to ustabile steinblokker.

Dei veg mellom 150 og 200 tonn og ligg 30 og 70 meter over tunnelen. På grunn av trafikktryggleik må blokkene takast ned.

Eit stort arbeid

Å få ned og sprengja to så store steinblokker, og i tillegg reinska fjellside og vegbane, er eit stort og omfattande arbeid.

Planen er å bruka puter som vert blåste opp med trykkluft. Når putene ekspanderer, vil dei pressa steinblokkene ut, slik at dei ramlar ned på europavegen eller rullar vidare ut i terrenget.

Torsdag denne veka vert utstyret til jobben floge inn med helikopter.

Den 440 meter lange Litle-Urdaltunnelen vert trafikkert av 2 500 køyretøy i døgnet. Statens vegvesen beklagar ulempene stenginga kan medføra for dei reisande.

– Men då er det viktig å understreka at grunnen til at vi gjer dette, er nettopp for dei. Me må gjera eit omfattande tiltak for å sikra at bilistane til ei kvar tid får den tryggleiken dei skal ha når dei ferdast på våre vegar, seier prosjektleder Harald Midtun i Statens vegvesen.

Set inn ekstraferje

Det vert sett inn ekstraferje på sambandet Leirvåg - Sløvåg på fylkesveg 57. Ferjene skal då gå med ein frekvens tilsvarande Lavik-Oppedal, og det vert ferje også om natta.

På den lokale omkøyringsruta fylkesveg 570 via Masfjordnes-Duesund vil ferja gå ekstra ved behov. Det vert ikkje nattferje på dette sambandet.

Endelege rutetabellar er førebels ikkje klare.

Skilting og dirigering

Statens vegvesen vil syta for ekstra skilting og infotavler i god tid før tunnelen både på nord- og sørsida. Trafikkdirigering vil og bli brukt for at trafikkavviklinga skal bli så smidig som mogleg. Fylgjebil er i beredskap.

Tungtrafikken får også ei hjelpande hand på dei verste partia.

– Det vert skilta omkøyringsveg frå Kringla til Duesund. På denne strekninga er det nokre smale parti der vegen ikkje kan handtera to store vogntog som møtest, så her stiller me med trafikkdirigentar.

Dette er alternative omkøyringar

Bilistar vert oppmoda om å vurdera også moglegheiter for omkøyring utanom Nordhordland.

Nordfrå vil dette seia riksveg 5 (ferje Mannheller – Fodnes over Sognefjorden og vidare E16 frå Lærdal) eller riksveg 13 (ferje Hella – Vangsnes over Sognefjorden og så vidare over Vikafjellet til E16 ved Voss).

Sørfrå vil det seia E16 nordaustover til Voss, og derfrå riksveg 13 over Vikafjellet eller riksveg 5 frå Lærdal over Sogneforden.

I tillegg vert alle reisande oppmoda til å sjekka 175.no før ein skal ut og køyra. Her gir Statens vegvesen oversikt over oppdatert trafikkinformasjon på alle vegar til ei kvar tid.

Kontakt:

Harald Midtun
Prosjektleder
Statens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel: 91749247
harald.midtun@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Vestland