Gravensteinsgata i Sogndal skal no bli enno tryggare for mjuke trafikantar, og det blir ny rundkøyring.

Prosjektet er delt inn i tre fasar. Fase ein er Stedje bru – Ålkrysset, fase to Ålkrysset – Leighgota og fase tre er Leighgota – kulturhuset.

Fram til jul er det fase ein – frå Stedje bru til Ålkrysset – som vert utført.

Gata no - frå Ålkrysset til Stedje bru Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen

Slik vert trafikkmønsteret endra

– Vi er i gang med å bygga ny rundkøyring, og vi skal etablera gang- og sykkelveg frå eksisterande rundkøyring til Ålkrysset. Det blir nytt lysanlegg på begge sider av vegen, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Det blir endringar i trafikkmønsteret. Fartsgrensa er difor sett ned til 30 km/t, og det er sett opp optisk merking med sebraskilt.

Riksveg 5, Gravensteinsgata, Sogndal
Gata no - frå rundkøyring Stedje til kryss. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen

Det vil bli forbode å svinga til venstre inn på fylkesvegen. Bilistar som vil opp fylkesvegen, må køyra til Kulturhuset og tilbake igjen. Det blir heller ikkje mogleg å svinga til venstre når ein skal til Sogndal hotell; då må ein køyra ned til rundkøyringa ved Stedje og tilbake igjen.

Når du skal køyra ut frå fylkesvegen og inn på riksvegen, er det forbode å svinga til venstre; eit forbod som no gjeld heile døgnet.

– Me vil unngå kryssing av veg, fordi det er då trafikken hopar seg opp, seier Engebø.

Det vil bli stengt for mjuke trafikantar frå Stedje bru til Ålkrysset. På eit av bileta er det vist med stipla linjer kor dei kan gå, og kor det er stengt.

Prosjektet

* Gravensteinsgata på riksveg 5 er hovudgata gjennom Sogndal. Gata skal få ny gang- og sykkelveg, i tillegg til ei ny rundkøyring.

* Stryn-firmaet Kveen AS er entreprenør, og vann tilbodet med 40,3 millionar ekskl. mva.

* Gang- og sykkelveg blir etablert på nordsida av riksveg 5 gjennom Sogndal sentrum, og det blir rundkøyring i krysset mot Dalavegen på fylkesveg 5613.

Riksveg 5, Gravensteinsgata, Sogndal
Mjuke trafikantar kan no ferdast der dei stipla linjene viser. Illustrasjon: Statens vegvesen

* Det er ei strekning på om lag 600 meter som skal oppgraderast. Det er snakk om vegstykket frå Stedje bru i vest til rundkøyringa ved Kulturhuset i aust. Utbygginga skal gjera hovudgata sin profil enno betre for mjuke trafikantar.

* Målet med prosjektet er å stimulera til meir sykling i Sogndal sentrum, og legga enno betre til rette for gåande.

* Den aktuelle strekninga vert per i dag trafikkert av om lag 9.500 køyretøy i døgnet. Ti prosent, eller 950 av desse, er tunge køyretøy.

* Gravensteinsgata er den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogndal. Lokale køyretøy utgjer mellom 60 og 80 prosent av trafikkmengda.

* Prosjektet skal vera ferdig i desember 2022.

Knutepunktet Sogndal

Søraustover fra Sogndal, langs riksveg 5, kjem ein til Sognefjorden. Ein kort ferjetur seinare er det ikkje langt til E16.

Riksveg 5 kan ein og fylgja nordvestover mot Sunnfjord der ein møter E39. Vestover frå Sogndal fylgjer ein riksveg 13.

Riksveg 5, Sogndal, Gravensteinsgata
Skiltinga i Gravensteinsgata er no slik. Illustrasjon: Statens vegvesen

Det er ikkje berre på riksvegnettet at Sogndal er eit knutepunkt. Nordaustover går fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Kontaktperson: Jørn Kristian Engebø, byggeleiar, e-post , telefon 95191891 

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Innlandet, Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Viken