El-anlegg på 663 kilometer veg/gang- og sykkelveg i Rogaland og Vestland skal driftast på vegner av Statens vegvesen.

BMO Elektro AS frå Åsane i Bergen har signert kontrakt etter å ha levert eit tilbod på 38.913.956 kroner.

Kontrakten gjeld frå 1. januar 2022 og ut august 2027, og omfattar i alt 622 kilometer veg og 41 kilometer gang- og sykkelveg.

Partane kan bli einige om å forlenga kontrakten med eitt, to eller tre år.

Statens vegvesen har einsidig rett til å forlenga kontrakten med eitt år.

elektro, Statens vegvesen, Rogaland, Vestland,
Markert med grått til venstre er kontraktsområdet i kommunane Fitjar, Stord, Bømlo, Sveio, Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne. Til høgre Sauda, Suldal og Ullensvang. Nederst er kommunane Hjelmeland, Strand, Randaberg og Stavanger.

Stort område

Arbeida skal skje over eit stort geografisk område:

¤ På E39 går det frå Sandvikvåg ferjekai i Fitjar i Vestland, og ned gjennom heile Rogaland til Agder-grensa

¤ Fra Røldal på riksveg 13 til Schancheholen på E39 i Stavanger

¤ Riksveg 509 Solasplitten - Stavanger lufthavn, og vidare nordover mot Risavika og Sundekrossen

¤ Riksveg 426 Krossmoen – Hovland

¤ Riksveg 444 Stangeland – Skjæveland

¤ E134 Helganes – Liamyrane i Røldal

elektro, Rogaland, Vestland
Markert med grått er kontraktsområdet i kommunane Stavanger, Randaberg, Sola, Sandnes, Strand, Hjelmeland, Gjesdal, Bjerkreim, Eigersund og Lund.

Dette er jobben som skal gjerast

Kontrakten omfattar totalt 54 tunnelar, og det skal totalt driftast i alt 6.651 veglys.

Det skal også driftast vérstasjonar, trafikktellepunkt, kamerastasjonar, fartsmålarar, fotoboksar og digitale infotavler.

– Oppdraget omfattar mellom anna kontroll, funksjonstesting og internkontroll samt periodiske arbeid, reparasjon av skadar og utskifting/installasjon av objekt. Til ansvaret høyrer og registrering, planlegging av virksomheten, beredskap, dokumentasjon, rapportering til byggherren og handtering av andre oppgåver som er nødvendige for drift og vedlikehald av elektriske anlegg på vegnettet, seier prosjektleiar Tor Oscar Walskaar i Statens vegvesen.

Desse konkurrerte om oppdraget

Dei andre som leverte tilbod på jobben, var:

BMO Elektro AS (38.913.956 kroner), Mesta (46.492.987), Froland-firmaet Otera Traftec (49.382.293) og Nettpartner AS frå Ås i Viken (64.850.489 kroner).

Alle prisane er eksklusive mva.

Kontaktperson: Tor Oscar Walskaar, e-post , telefon 97140264

Aktuelt for fylke(r): Rogaland, Vestland