Statens vegvesen startar i veke 48 skredsikring på riksveg 5 mellom Grov og Leversundet i Kinn kommune i Vestland.

Vegen kan verta stengd måndag til torsdag i periodar på inntil 30 minutt mellom klokka 09.00 og 1400, og mellom klokka 17.00 og midnatt.

Rutegåande trafikk og utrykkingskøyretøy kan passera.

riksveg 5, Vestland, skred, skredsikring
Dette er eit av punkta mellom Grov og Leversundet på riksveg 5 som skal skredsikrast. Foto: Statens vegvesen

Arbeida vil kunna pågå til mars 2022.

– Me har forståing for at slikt langvarig anleggsarbeid kan vera krevjande for trafikantane. Men då er viktig å minna om at me gjer dette store prosjektet nettopp for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og framkomet for framtida, seier byggeleiar Dag Ove Ulltang i Statens vegvesen.

Kontaktperson: Dag Ove Ulltang, e-post , telefon 95259729

Aktuelt for fylke(r): Vestland