Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

I veke 46 blir riksveg 13 frå Hella ferjekai til Leikanger asfaltert og frest.

– Det er møtelommer og delar av vegen det skal arbeidast på, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Jobben på den 13 kilometer lange vegstrekninga vil verta gjort over fem dagar, frå og med 15. til og med 19. november.

Riksveg 13, Vestland, asfalt
Her er ein av plassane på riksveg 13 mellom Hella ferjekai og Leikanger som får ny asfalt Foto: Statens vegvesen

Arbeidstidene og trafikkflyten blir likeins kvar dag:

* Klokka 0700 - 0900 blir det ventetid på inntil 15 minutt

* Frå 0900 - 1500 kan vegen bli stengd inntil ein time om gongen.

* 1500 - 1700: Ventetid inntil 15 minutt.

* Og frå klokka 1700 - 2100: Vegstenging inntil ein time

Det blir teke omsyn til rutegåande trafikk. Utrykkingskøyretøy får passera.

Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid med slike stengingar kan vera krevjande for trafikantane, understrekar Engebø.

– Men då er det samtidig viktig å minna om at de me gjer dette nettopp for dei, for at trafikktryggleiken og framkomelegheita skal kunna varetakast også i framtida, legg han til.

Dei reisande vert oppmoda om å sjekka 175.no før dei skal ut og køyra. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle norske vegar.

Aktuelt for fylke(r): Vestland