Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

3. januar tek Statens vegvesen fatt på fase to i Gravensteinsgata.

Fram til påske skal det jobbast på dei 110 metrane frå Ålkrysset til Leighgota.

riksveg 5, Sogndal, Gravensteinsgata, Vestland
Frå Ålkrysset mot Leighgota. Foto: Statens vegvesen

Dette skal gjerast no

Det er i hovudsak på gangfelta det blir arbeida i denne omgang. Det gjer at dei vert stengte – på begge sider av gata.

Samtidig skal prosjektet fleire stader kryssa riksveg 5 med el-anlegg og kommunalt VA-anlegg.

På nordsida skal det breiddeutvidast til ny separat gang- og sykkelveg.

På begge sider av gata vert det etablert nye anlegg for både lys og drenering. På sørsida blir det i tillegg oppgradering med ny kantstein og asfalt. Elles blir denne sida av vegen som i dag.

– Alle trafikantar, både køyrande og gåande, må følgja skiltinga i samband med arbeida, understrekar byggjeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Ålkrysset kjem til å verta stengt i periodar, noko som får konsekvensar for lokaltrafikken.

Kryssingane for fotgjengarar i området ved skysstasjonen og Sogndal hotell er førebels ikkje universelt utforma. Taktile heller (spesielt lagt til rette for blinde og svaksynte) og to lag med asfalt på riksveg 5 gjenstår. Her vil det blir nokre høge kantar fram til entreprenør får lagt dei siste laga med asfalt. Det skjer til våren.

Prosjektet

¤ Gravensteinsgata på riksveg 5 er hovudgata gjennom Sogndal. Gata får ny gang- og sykkelveg, i tillegg til ei ny rundkøyring.

¤ Stryn-firmaet Kveen AS er entreprenør, og vann tilbodet med 40,3 millionar ekskl. mva.

¤ Det er ei strekning på om lag 600 meter som skal oppgraderast. Det er snakk om vegstykket frå Stedje bru i vest til rundkøyringa ved Kulturhuset i aust.

¤ Målet med prosjektet er å stimulera til meir sykling i Sogndal sentrum, og leggja enno betre til rette for gåande.

¤ Den aktuelle strekninga vert per i dag trafikkert av om lag 9.500 køyretøy i døgnet. Ti prosent, eller 950 av desse, er tunge køyretøy. Gravensteinsgata er den mest trafikkerte vegen i Sogndal.

¤ Prosjektet skal vera ferdig i desember 2022.

riksveg 5, Sogndal, Gravensteinsgata, Vestland
Oversiktsbilete Ålkrysset - Leighgota.

Staden er eit knutepunkt

Søraustover fra Sogndal, langs riksveg 5, kjem ein til Sognefjorden. Ein kort ferjetur seinare er det ikkje langt til E16.

Riksveg 5 kan ein og fylgja nordvestover mot Sunnfjord der ein møter E39. Vestover frå Sogndal fylgjer ein riksveg 13 mot ferjeleiet på Hella, det mellomste av Statens vegvesen sine tre ferjesamband over landets lengste fjord.

Det er ikkje berre på riksvegnettet at Sogndal er eit knutepunkt. Nordaustover går fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Les meir om prosjektet i Gravensteinsgata her:

Hovudgata i Sogndal blir tryggare for mjuke trafikantar | Statens vegvesen (ntb.no)

Arbeidet gjennom hovudgata i knutepunktet Sogndal er i gang | Statens vegvesen (ntb.no)

Statens vegvesen vurderer å anmelda farleg hærverk | Statens vegvesen (ntb.no)

Asfaltering i og ved ny rundkøyring på riksveg 5 | Statens vegvesen (ntb.no)

VIDEO: «Ny» gate med nytt og banebrytande grøntanlegg | Statens vegvesen (ntb.no)