Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Arbeida på riksveg 5 mellom Førde og Florø held fram også i veke 9, 10 og 11.

– Det er dårleg vér som er årsaka til at jobben ikkje vart ferdig denne veka, veke 8, slik som planlagt, sier byggeleiar Dag Ove Ulltang i Statens vegvesen.

riksveg 5, her er området ved Bjørnsnestunnelen der det skal skredsikrast.
Her er området ved Bjørnsnestunnelen der det skal skredsikrast. Foto: Statens vegvesen

Når jobben no held fram i tre veker til, vert opplegget nøyaktig slik det har vore dei siste fem vekene:

Det vert jobba natt til tysdag, onsdag, torsdag og fredag.

Arbeidet medfører kolonnekøyring med ledebil gjennom Hornnes- og Bjørnsnestunnelen, og følgande stengeregime:

¤ Stengt inntil 30 minutt frå klokka 19.00 - 23.00 og 05:30 - 07:00

¤ Stengt frå klokka 23:00 - 02:00 og 02.00 - 05.30.

Stengetidene skal tilpassast passeringstidspunkt for buss i rute. Etter avtale med dirigent kan utrykkingskøyretøy passera.

Etter avtale med dirigent får fastbuande mellom tunnelane koma til og frå eigedommane sine, og til og frå Førde.

Det er Mesta som er entreprenør på jobben.

Den 288 meter lange Bjørnsnestunnelen har ein gjennomsnittleg trafikk på 4.400 køyretøy i døgnet (det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk, forkorta ÅDT). 400 av desse køyretøya (eller 10 prosent) er tunge køyretøy.

Kontaktperson:ag.ulltang@vegvesen.no, telefon 95259729 

Aktuelt for fylke(r): Vestland