Her, på Dårflot langs riksveg 15 i Stryn, skal Statens vegvesen no sikra vegen endå betre mot skred.

Det har vore fleire hendingar med flaum- og jordskred i området, og Djupesvora er eksponert for både snøskred, sørpeskred og flaumskred.

Difor gjer vi no fleire tiltak for å betra framkomsten og trafikktryggleiken området, som igjen skal bidra til Statens vegvesens nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.

Her er området Statens vegvesen no skal sikra betre mot skred langs riksveg 15 i Stryn.
Her er området Statens vegvesen no skal sikra betre mot skred langs riksveg 15 i Stryn. Foto: Statens vegvesen

Dette skal vi gjera

– Vi skal utvida bassenget, slik at det har større kapasitet ved eventuelle skred og ved høg vassføring. Vi skal forlenga kulverten under vegen inn i terrenget, og vi skal montera betongrekkverk mellom elva og vegen, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen (her ser du fleire bilete frå staden).

Vi skal også byggja to tilkomstvegar oppe i terrenget, slik at tilkomsten er betre med tanke på oppreinskning ved seinare skred.

Skal gjerast i år

Frist for å levera tilbod på jobben er 25. mai. Arbeidet skal gjerast i år. Vi tek sikte på å signera kontrakt og koma i gang med arbeidet så snart som mogleg. Fristen for å bli ferdig er 18. november, og ein delfrist på å bli ferdig med skrednetta er 30. september, legg Rindal til.

Vegstykket som no skal få betra skredsikringa, har ein gjennomsnittlegg trafikk på 1.500 køyretøy i døgnet. Dette er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 285, lange køyretøy.

Kontaktperson: Pål-Anders Rindal, e-post , telefon 41622049