Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Fire fjellovergangar og verdas lengste vegtunnel er ein del av oppdraget når Presis Vegdrift skal drifta vegnettet i Hardanger, Sogn og Voss dei neste fem

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland signerte 2. mai kontrakten til ein verdi av 670 millionar pluss moms.

Som ein del av jobben med å førebyggja skred, sender vi (som her på Vikafjellet) ut helikopter med Daisybell, ei trykklokke som sender ut trykkbølgjer som løyser snøen under kontrollerte tilhøve.
Som ein del av jobben med å førebyggja skred, sender vi (som her på Vikafjellet) ut helikopter med Daisybell, ei trykklokke som sender ut trykkbølgjer som løyser snøen under kontrollerte tilhøve. Foto: Geir Ove Engebø, Statens vegvesen

Fire fjellovergangar og mange kilometer med tunnel

Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde:

¤ Riksveg 7 Haugastøl – Bu (som inkluderer fjellovergangen Hardangervidda)

¤ Riksveg 52 Storeskar - Borlaug (Hemsedalsfjellet)

¤ Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet)

¤ E16 Voss – Tyin (Filefjell)

¤ Riksveg 5 Håbakken - Fodnes

Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er Lærdalstunnelen. Med sine 24509 meter er tunnelen som opna i 2000 verdas lengste vegtunnel.

Totalt er det 103232 meter, eller 103 kilometer, tunnel i kontraktsområdet.

Har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg

Kontrakten omfattar kommunar i tre fylke:

¤ Voss, Vik, Aurland, Lærdal, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik i Vestland

¤ Hemsedal og Hol i Viken

¤ Vang i Innlandet

– Dette er ein stor vegkontrakt, noko som gjer at Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell, seier prosjektleiar Johannes Øydvin i Statens vegvesen.

Utsleppsfrie køyretøy og andre klimakrav

Vegvesenet har eit mål om halvera utsleppet på sine prosjekt innan 2030.

I kontrakten krev vi delvis utsleppsfrie og delvis nullutslepps køyretøy. Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering.

– Vi har fokus på oppsamling av vaskevatn i samband med tunnelreinhald, og det skal takast prøvar av vaskevatnet. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop, for å sikra korrekt deponering av massane, legg Øydvin til.

På to av fjellovergangane skal det ikkje brukast salt

På to av fjellovergangane i kontrakten, Vikafjellet og Hardangervidda, skal det normalt ikkje brukast salt i vinterdrifta, grunna sårbar natur.

På dei to andre fjellovergangane, Filefjell og Hemsedalsfjellet, kan entreprenøren nytta salt under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.

Enkelte punkt i kontraktsområdet kan vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet.

Tek vare på naturmangfaldet

Det er viktig for Statens vegvesen å ta vare på naturen.

For å vareta biologisk mangfald har vi valt å redusera kantklippen for delar av dei høgareliggande områda, og vi tilpassar tunnelreinhaldet til tidspunktet for utvandring av laksesmolt.

Fire kontraktar vert til éin

Kontrakten gjeld i fem år, frå 1. september 2022 til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.

Regionreforma som vart innført 1. januar 2020, inneber at fylkeskommuane har ansvaret for drift av fylkesvegane.

Den nye kontrakten gjeld derfor utelukkande riksvegar, og det er fire gamle kontraktar som heilt eller delvis er slegne saman til éin.

Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer frå 400 til 9.000. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT), og høgast er talet på Voss.

Kontaktperson: Prosjektleiar Johannes Øydvin, e-post johannes.oydvin@vegvesen.no, telefon 95026946

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Viken, Innlandet