Statens vegvesen betrar no trafikktryggleiken på to strekningar: Førland - Ådland på Stord i Vestland, og Liland - Våg i Tysvær i Rogaland.

Til saman er strekningane på 8,2 kilometer.

Frå strekninga Førland - Ådland på E39 i Stord kommune.
Frå strekninga Førland - Ådland på E39 i Stord kommune. Foto: Statens vegvesen

Tre firma ville ha jobben

Det var tre firma som leverte tilbod på arbeidet som er eit trafikksikkerhets-prosjekt (TS).

– Etter at vi hadde kontrollrekna, var var det Veisikring AS som fekk oppdraget for 8.379.870 kroner, seier byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.

Dette skal gjerast

Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer, og er på det høgaste 5800 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).

Hovuddelen av oppgåva er å fjerna 4537 meter med gammalt rekkverk på trestolar og erstatta dette med nytt rekkverk på stålstolpar. I tillegg skal det setjast opp rekkverk på stader der det ikkje er i dag.

Totalt blir det sett opp 8300 meter nytt rekkverk.

Det vil òg bli rydda og planert i sideterreng. Dette både for å gi betre sikt, og for å fjerna eller sikra objekt som kan gi bråstans ved eventuell utforkøyring. Dette er typisk store steinar, stubbar, tre og djupe bekkeløp.

Arbeida vil starta i løpet av denne månaden og skal vera ferdige til 30. november.

Både dirigering og lys vil bli brukt for å styra trafikken medan arbeida pågår.

Nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken

Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid skaper utfordringar for trafikantane, men då er det viktig å understreka at det er nettopp dei vi gjer jobben for.

– Vår nullvisjon for drepne og hardt skadde er målet, og ulykkestala så langt i år viser at det er nødvendig å halda trykk på trafikktryggleiksarbeid, avsluttar byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.

Kontaktperson: Byggeleiar Einar Hauge, e-post , telefon 45631077

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland