Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Danske Ommen AS skal vedlikehalda E39 Stordabrua på oppdrag for Statens vegvesen og fylkesveg 542 Bømlabrua for Vestland fylkeskommune.

Ein kontrakt på 227 803 348,00 kroner pluss moms er signert.

– Vi har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi vi då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre (Statens vegvesen) og Kristoffer Hove (Vestland fylkeskommune).

Statens vegvesen har ansvar for og tek kostnaden for Stordabrua, og Vestland fylkeskommune for Bømlabrua.

Begge bruene er bygde i år 2000. Stordabrua 1 078,5 meter lang, og Bømlabrua 999. Det gjer at Statens vegvesen får ein større andel av kostnadane enn Vestland fylkeskommune gjer.

E39 Stordabrua.
E39 Stordabrua. Foto: Statens vegvesen

Bruene kan bli stengd kort tid om nettene

– Arbeidet vil ikkje få store konsekvensar for trafikken, men det kan vera naudsynt at brua blir stengd i eit kort tidsrom mellom klokka 22.00 og 05.30 når arbeidsplattforma og utstyr skal flyttast. Dette vil bli ytterlegare varsla når det er aktuelt, presiserer dei to prosjektleiarane.

I områdar der arbeidsplattforma kjem i konflikt med trafikkavviklinga blir eitt køyrefelt snevra inn. Trafikken blir avvikla med både med lysregulering og manuell dirigering.

Statens vegvesen gjer  naudsynte førebuingar i løpet av hausten, startar på arbeidet våren 2023 og er ferdige hausten same år. Vestland fylkeskommune startar på Bømlabrua våren 2024, og er ferdige i september same år.

Fylkesveg 542 Bømlabrua.
Fylkesveg 542 Bømlabrua. Foto: Statens vegvesen

Kva skal gjerast 

Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.

Dette har mangla på begge bruene, og må koma på plass for at det ikkje over tid skal kunna oppstå skadar som kan gå ut over bruenes bereevne.

Heilt konkret skal Statens vegvesen avfukta berekablane, samt gjera noko overflatebehandling av berekablar og hengestenger på Stordabrua. Vestland fylkeskommune gjer det same på Bømlabrua.

Kvifor er bruvedlikehald viktig?

Bruer og brukonstruksjonar blir tærte av tidas tann. Ver og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige type slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag.

– Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida, avsluttar prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen og Kristoffer Hove i Vestland fylkeskommune.

Kontaktpersonar

Statens vegvesen: Prosjektleiar Trond Ingve Mølstre, e-post trond-ingve.molstre@vegvesen.no, telefon 41501380

Vestland fylkeskommune: Prosjektleiar Kristoffer Hove, e-post Kristoffer.Hove@vlfk.no, telefon 911 16 125

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland