Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Stengeperioden for vestre seglingsløp under Måløybrua blir forlenga frå nyttårsaftan og til og med 28. februar

Stenginga skuldast at Statens vegvesen ved midtre pilar på brua skal bygga ein barriere mot skipspåkøyrsel. 

Det vestre løpet har vore stengt for all sjøtrafikk frå og med 14. september. 

Vi skal no utdjupa farleia, noko som inneber at vi må grava, sprenga og støypa fundament. Arbeidet har tett lengre tid enn planlagt, og vi må derfor forlenga anleggsperioden med to månader.

Bilde av riksveg 15 Måløybrua
Riksveg 15 Måløybrua. Foto: Harald Berstad, Statens vegvesen

– Det skal vera trygt for alle, både i dag og i framtida

– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vestre seglingsløp må stengjast for dykkarar og all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.

Vedlikehald av våre bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Vedlikehald kostar maksimalt ti prosent av prisen for å bygga nytt, og gir i tillegg langt lågare utslepp av klimagassar. 

Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag som er å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida

– Trygt skal det også vera for alle medan vi jobbar, og då er mellombelse endringar som dette naudsynte, legg Rindal til.

Vi har forståing for at anleggsarbeid kan vera krevjande for dei som vert råka, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, avsluttar han.

– Alle sjøfarande må ta omsyn

Farleia vil verta stengd med bruk av bøyer plassert nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp blir endra.

‒ For å unngå ulukker og farlege situasjonar for sjøtrafikken, er det viktig at alle sjøfarande, både store og små, tar omsyn til gjeldande seglingsmønster i perioden når vestre seglingsløp er stengt, seier seniorrådgjevar Per Magne Rovde i Kystverket.

I stengeperioden blir det vakthold døgnet rundt ved anleggsområdet.

Det er planlagt ein ny stengeperiode våren 2023.

Kontaktinfo

Biltrafikken på brua vil i denne fasen ikkje bli påverka av arbeidet. Oppdateringar om prosjektet får du her (Facebook.com)

Døgnkontinuerleg vakt (bruvakt Måløy) på telefon +47 91 90 85 52 og VHF kanal 16

Kinn VTS har lyttevakt på VHF kanal 18.

Kontakter

Pål Anders Rindal

Byggeleder, Statens vegvesen
Telefon:
41 62 20 49
E-post:

Per Magne Rovde

Seniorrådgiver, Kystverket
Telefon:
91 61 75 30
E-post:
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Møre og Romsdal