Statens vegvesen bygger nytt kollektivt knutepunkt og ny innfartsparkering like nord for Nordhordlandsbrua.

Prosjektet på Flatøy i Alver kommune nord for Bergen har tilbodsfrist 27. januar.

Planlagd byggestart er i mars, og det nye anlegget skal etter planen vera ferdig innan desember 2024.

Ny terminal blir der som dagens parkering er, merkt med svart pil på biletet. Kartgrunnlag frå gulesider.no
Ny terminal blir der som dagens parkering er, merkt med svart pil på biletet. Kartgrunnlag frå gulesider.no

Trygg og forsvarleg arbeidsperiode for alle

Terminalen vert bygd der dagens parkeringsplass er.

– I heile anleggsperioden på eitt år og ni månader må vi derfor stenga dagens parkeringsplass, seier byggeleiar Henrik Knarvik i Statens vegvesen.

Vi har avtale med grunneigar om mellombels parkering like i nærleiken. Det vil verta skilta dit.

Kapasiteten på den mellombelse parkeringa er diverre på berre halvparten dagens parkering, 40 mot 80.

– Vi beklagar dette, og vi har forståing at det kan skapa utfordringar for trafikantane. Men det er dette som er mogleg å få til når vi skal ha ein anleggsperiode som er trygg og forsvarleg ikkje berre for trafikantane, men også for dei som skal arbeida, seier Knarvik.

Framtidsretta knutepunkt med betra kapasitet for parkering

I tillegg vil vi minna om at det nye anlegget vil gjera det betre for trafikantane på sikt. Eit nytt, stort og framtidsretta knutepunkt vil vera ei klar forbetring samanlikna med dagens løysing som er to-tre busstopp, presiserer han.

– Det nye knutepunktet vil få parkering like ved, med større kapasitet enn dagens 80 plassar.

I samband med prosjektet skal Statens vegvesen etablera ny kulvert under fylkesveg 564, bygd etter dagens standard og til erstatning for gammal kulvert. Dette sikrar framleis gode tilhøve for gåande og syklande i område.

Trafikken på E39 vil bli minimalt påverka av arbeidet, medan vi vil etablera ein mellombels omkøyringsveg for fylkesveg 564.

Nytt kollektivt knutepunkt og ny innfartsparkering er ein del av Nordhordlandspakken.

Kontaktperson: Byggeleiar Henrik Knarvik, e-post , telefon 41223062

Aktuelt for fylke(r): Vestland