Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget kjem til Rogaland 28.–30. april
Frå måndag 28. til onsdag 30. april er Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité på rundreise i Rogaland fylke.
Komiteen ønskjer å bli kjend med aktuelle utfordringar og planar innan samferdsle og kommunikasjon i fylket. Dei vil få eit breitt utval orienteringar om prosjekt og aktivitetar, samt eit oversyn over ulike transportformer i regionen og samspelet mellom desse i aktuelle transportkorridorar.
Komiteen startar reisa i Haugesund, med ei orientering på lufthamna og eit besøk hjå Kystverket. Dei får også ei oppdatering på aktuelle vegprosjekt i området. Vidare går turen sørover, over Jøsenfjorden med hydrogenferja Hydra. Etter eit besøk hjå Strand kommune, går dagens siste etappe gjennom Ryfylketunnelen til Stavanger.
Tysdag besøker komiteen først Statens vegvesen sitt Rogfast-anlegg og Rogaland fylkeskommune sitt anlegg på Jåttå. Deretter står Sandnes kommune for tur. Der får komiteen også orienteringar frå Jernbanedirektoratet, Bane NOR og Nye vegar AS , før dagen blir avslutta i Stavanger hamn og hjå Nordic Edge.
Onsdag morgon er det utfordringar og planar i Stavanger-området som står på agendaen, samt strekninga Stavanger–Bergen, når komiteen besøker Statens vegvesen sitt kontor i Stavanger.