Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

På denne strekninga har døgntrafikken dei siste to åra tredobla seg når turisttrafikken setter inn.

Vegen som ligg i Ullensvang Herad er særleg smal der det ikkje er plass til at bussar og bubilar passerar kvarandre.  

-Vår erfaring er at det blir kork utan regulering. Fram til 2017 var det store utfordringar med køar som var ein ulempe for dei vegfarande og for turistnæringa, seier Terje Vidar Hoel frå Statens vegvesen. 

Startar til helgen

I 2017 starta nemleg Statens vegvesen med lysregulering på strekninga.Hoel seier at Vegvesenet utvidar sesongen med oppstart i Palmehelga etter ynskje frå Ullensvang Herad.  

-Signallysa gir berre raudt lys dersom det er møtande trafikk.  Ved raudt lys kan det verte ventetid på opp til 4 minuttar. I sesongen vert reguleringa aktivert kvar dag i tida 07.00 – 23.00, seier han. 

Sesongen med lysregulering blir avslutta 15. september, og ordninga vil halde fram til strekninga vert utbetra.

Kontaktperson:

Terje Vidar Hoel, plan- og forvaltning Voss og Hardanger i Statens vegvesen.
Epost: Tlf: 950 88 758

Aktuelt for fylke(r): Vestland