Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

No er våren her og vegvesenet oppfordrar alle hageeigarar om å ta fram saksa før hekkar og buskar voksar seg altfor store.

-Om du har ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg, så har du nemleg ansvar for at det er fri sikt her. God sikt er naudsynt for at du skal få auge på gåande eller syklande som kryssar avkøyrsla, seier Håkon Toverud som er prosjektleiar for drift og vedlikehald i Bergensområdet i Statens vegvesen.
 

«Trim» i tide

Han seier at det kan vere lurt å «trimme hekken» før den blir altfor stor og høg.

-Det er sjølvsagt mykje enklare om folk kan halde storleiken på det grøne slik at dei kan stå i sin eigen hage å gjere klippejobben. Når buskar og hekkar har grodd seg så store og høge at eigar må ut i offentleg veg for å klippe, så blir jobben meir omfattande. Då snakkar vi om å setje i gong eit meir formelt arbeid på veg med vurdering av risiko. Her vil reglar om arbeidsvarsling gjelde, seier Toverud.

Toverud vil tilrå folk som har ein hekk som ikkje kan klippast frå eigen hage, om å leige inn ein godkjent anleggsgartnar til å gjere jobben, eller sende søknad om arbeidsvarsling.


 -Eg håpar aller mest at folk ta ein sjekk i tide og gjer naudsynt hagearbeid slik at alle kan gå, sykle eller køyre trygt forbi eigedomen. Ikkje minst er det viktig at det ikkje blir vanskeleg for driftsentreprenøren å drive kantslått og reinhald langs offentleg veg, seier Toverud.

Les meir om korleis halde fri sikt i din avkøyrsle:
https://www.vegvesen.no/fag/veg+og+gate/drift+og+vedlikehold/vegetasjonsrydding 

Her finn du søknad om arbeidsvarsling:
https://www.vegvesen.no/fag/veg+og+gate/arbeidsvarsling

 

Kontaktperson:

Håkon Toverud i Statens vegvesen,
prosjektleiar fordrift og vedlikehald i Bergensområdet.
Epost: hakon.toverud@vegvesen.no

Tlf: 917 49 175

Aktuelt for fylke(r): Vestland