Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har starta med SMS-varsling når fv. 655 gjennom Norangsdalen i Ørsta og Stranda blir stengt.

Dei som ønskjer å få varsel på SMS må sjølv melde seg på tenesta.

Tenesta skal gi betre informasjon direkte til dei som ønskjer det når vegen blir stengt eller er planlagt stengt, og når vegen opnar igjen.

- Fv. 655 gjennom Norangsdalen er av dei mest skredutsette vegane vi har og blir ofte stengt grunna skredfare eller skred. Med SMS-varslinga når vi folk med informasjon fort, både når vegen er stengt og ikkje minst når vi opnar han igjen, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Det er også mogleg å sende SMS for å sjekke om vegen er open, utan å abonnere på varslinga. 

Slik fungerer varslinga

 For å melde deg på, send kodeord

NORANGSDALEN START til 2252.

For å melde deg av, send kodeord

NORANGSDALEN STOPP til 2252.

Dei som ikkje ønskjer å abonnere på meldingar, kan sende kodeord

NORANGSDALEN STATUS til 2252 og få ein SMS med status for strekninga.

 Tenesta er gratis å bruke.

Bildet er tatt 30. januar 2019
Vegen gjennom Norangsdalen er ein av dei mest skredutsette vegane i Møre og Romsdal. Foto: Bjarne-Martin Valde
Vegbommane står på Skylstad og Fivelstad. Store delar av strekningen mellom desse er utsatt for skred. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal