Nattestenger ferjesambandet mellom Sølsnes og Åfarnes på fv. 64
Årsaka er at det skal gjennomførast grunnboring ved kaiene.
På grunn av dette vil det ikkje gå ferje mellom Sølsnes og Åfarnes med første stenging natta mellom måndag 2. september og tysdag 3. september, og i perioden fram til laurdag morgon den 14. september. Unntaket er natt til måndag 9. september. Denne natta vil ferja gå som normalt.
Dei andre dagane mellom 2. og 14. september blir sambandet stengt mellom kl. 23.30 og 05.15.
- Siste ferje frå Åfarnes vil gå kl. 23.15, og siste frå Sølsnes vil gå kl. 23.30
- Første avgang frå Åfarnes er kl. 05.15, og frå Sølsnes kl. 05.30
Mogleg omkøyring er via E136 og ferjesambandet E39 Vestnes-Molde. Andre alternativ er fylkesveg 660 over Vistdalsheia eller E6 over Dovrefjell via Oppdal og rv. 70 Sunndalen.
Dersom grunnboringa går raskare enn føresett vil ferjesambandet gå i ordinær rute når arbeidet er avslutta.
Planlegg utbetring av kaiene
Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort vedtak om at dei to ferjekaiene i sambandet skal utbetrast. På Sølsnes skal dagens pir/tilleggskai forlengast, mens det på Åfarnes skal byggast ny pir/tilleggskai vest for dagens kai. Dette arbeidet skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2023.
- Vi er i gang med planlegginga av dei nye kaiene, og i den forbindelse må vi grunnbore ute i sjøen. Dette skal i hovudsak gjerast der dei nye pirene vert plassert, og grunnboringa må utførast frå flåte. Sidan det ikkje er mogleg å gjere dette samtidig som ferja går i rute, må det gjennomførast som nattarbeid, seier prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen.