Normal rute i ferjesambandet mellom Sølsnes og Åfarnes på fv. 64
Arbeidet som førte til at sambandet var nattestengt frå måndag 2. september er no avslutta.
Grunnboringa skulle etter planen halde fram til laurdag morgon den 14. september, men arbeidet gjekk raskare enn føresett og vart ferdigstilt i løpet av helga.
- Dermed vil ikkje ferjesambandet vere nattestengt denne veka, og ferja går igjen som normalt, seier prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen.
Sambandet var nattestengt i førre veke på grunn av grunnboring ute i sjøen ved begge ferjekaiene. Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort vedtak om kaiene skal utbetrast, og grunnboringa var eit viktig ledd i planleggingsarbeidet av dette.
Boringa vart i hovudsak gjort der dei nye pirene skal plasserast. På Sølsnes skal dagens pir/tilleggskai forlengast, mens det på Åfarnes skal byggast ny pir/tilleggskai vest for dagens kai. Dette arbeidet skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2023.