Øver på brann i Remmetunnelane i Haram
Fv. 659 Remmetunnelane blir stengt tysdag 3. september frå kl. 19-21 fordi Statens vegvesen og naudetatane skal øve på brann i tunnelen.
Publikum vil sjå røyk frå tunnelane under øvinga.
- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.
Krav om øving
Tunnelar er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være øvingar. Brann og redningstenesta i Haram deltek i øvinga, saman med politi, ambulanse og Statens vegvesen sin vegtrafikksentral.
I tillegg til varsling, kommunikasjon mellom alle aktørane, bruk av sikkerheitsutstyr og planverk vil saman med samhandling vere viktige tema i øvinga.
Viktig for tryggleiken
- Det er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd at det blir øvd i tunnelane våre. Difor håpar vi at trafikantane har tolmod med oss i den tida vi må stenge Remmetunnelane for å øve og planlegg køyreturen etter det, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.
Det er omkøyring på fv. 527 via Grytastranda og Søvika.
Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i?
- Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med bom eller raude lys.
- Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.
- Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.
- På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.
- Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.
- Forsøk å varsle møtande trafikk.