Øver på brann i Sæviktunnelen i Herøy
Fv. 5876 Sæviktunnelen i Herøy blir stengt onsdag 4. september frå kl. 19-21 fordi Statens vegvesen og naudetatane skal øve på brann i tunnelen.
Publikum vil sjå røyk frå tunnelen på begge sider under øvinga.
- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.
Krav om øving
Tunnelar er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være øvingar. Brann og redningstenesta i Herøy deltek i øvinga, saman med politi, ambulanse og Statens vegvesen sin vegtrafikksentral.
I tillegg til varsling, kommunikasjon mellom alle aktørane, bruk av sikkerheitsutstyr og planverk vil saman med samhandling vere viktige tema i øvinga.
Viktig for tryggleiken
- Det er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd at det blir øvd i tunnelane våre. Difor håpar vi at trafikantane har tolmod med oss i den tida vi må stenge Sæviktunnelen for å øve og planlegg køyreturen etter det, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.
Det er ikkje omkøyring på staden.