Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Trafikkstasjonen i Ørsta vil vere stengd for publikumstenester frå måndag 16. september til og med fredag 27. september.

Årsaka er at skrankeområdet skal byggast om.

- Ombygginga er eit HMS-tiltak for å betre dei fysiske tilhøva for dei tilsette. I tillegg skal venteområdet skiljast meir frå skranken for å sikre personvernet til dei som blir betent, seier Torunn Aag, kontorsjef ved trafikkstasjonen og faggruppeleiar for merkantil i Statens vegvesen Møre og Romsdal. 

På grunn av dette vil dei fleste tenestene ved Ørsta trafikkstasjon vere utilgjengeleg i veke 38 og 39. Unntaket er timar til oppkøyring og køyretøykontroll, som vil bli gjennomført som vanleg.

Trafikkstasjonen vil vere open for publikumstenester igjen frå måndag 30. september.

Kan du utføre tenesta sjølv?

For kundar med ærend som ikkje kan vente, vil alternative trafikkstasjonar desse to vekene vere i Nordfjordeid og i Ålesund. 

Du kan sjå opningstider og tenestetilbod ved trafikkstasjonane her.

- Statens vegvesen har også fleire digitale tenester, og vi anbefaler alle å sjekke om dei kan utføre tenesta sjølv på vegvesen.no/selvbetjening, seier Aag.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal