Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Kåringa Årets russebil har blitt ein tradisjon i Sunnfjord, og i år inviterer Statens vegvesen fleire aktørar med på laget.

Kåringa skal gå føre seg onsdag 24. april klokka 17, og blir i år større enn nokon gong.

- Vi har kalla arrangementet Trygg russ, og med oss har vi aktørar som spenner frå utrykkingsetatar, til helse og trafikksikkerheit. Målet er å få til eit rusfritt arrangement som både er kjekt og nyttig for russen, seier Kristian Andre Sæbø på Trafikant- og køyretøyseksjonen i Statens vegvesen.

For alle russ i Sunnfjord

Førde kommune stiller med skulehelsetenesta, utekontakten, ungdomsleiar og Senter for Friskliv og frivillighet. I tillegg vil politi, brannvesen, ambulansetenesta, Røde Kors og Smiso(Senter mot incest og seksuelle overgrep) vere med på samlinga på Trafikkstasjonen i Førde.

All russ i Sunnfjord er velkomne, også dei som ikkje har russebil. Det vert matservering, stands og konkurransar.

Til slutt skal Vegvesenet kåre den mest trafikksikre russebilen i Sunnfjord. Sparebanken Sogn og Fjordane er sponsor av premiane. Førstepremie er 3.000 kroner, andrepremie er 2.000 kroner og tredjepremie er 1.000 kroner. Alle dei premierte bilane får i tillegg eit gåvekort frå Dolly Dimple`s Pizza på 2.000 kroner.

- Om lag 300 russ frå Førde, Dale og Florø vert inviterte til å delta på dette arrangementet. Vi håpar med dette å bidra til at russetida blir ei  trygg og god oppleving for russen i Sunnfjord, seier Sæbø.

Oblatordninga

Statens vegvesen utfører teknisk kontroll av russebilar gratis. Dei som vil kan vere på oblatordninga, der bilar eller bussar  får eit spesielt merke som dokumentasjon på at køyretøyet er i den tekniske tilstand det skal vere. Merket vil ha teksten «Godkjent russebil mai 2019».

Bilar med oblat kan ikkje bli utsett for teknisk kontroll i mai månad, men må likevel kontrollerast for bruk av bilbelte, gyldig førarkort osv. Det er knytt ei rekke vilkår for å få og behalde oblata, blant anna skal bremser, hjul og styring kontrollerast av trafikkstasjonen, og bilbelte skal vere montert.

www.vegvesen.no/russ kan russen finne svar på generelle spørsmål om kjøp og sal og ombygging av russekøyretøy. Der får dei også oversikt over gratis kontrollar av russekøyretøy på de ulike trafikkstasjonane rundt om i landet.

Vegvesenet har også ei eiga Facebook-side kalla «Russ på hjul» der vi tek i mot spørsmål og deler aktuell informasjon.


Kontaktperson:


Mona Iren Lid
Inspektør Førde Trafikkstasjon
Epost: mona.lid@vegvesen.no
Tlf: 57724046/ 913 50 732

Bilde frå fjorårets arrangement. Då vart «Liquoritas 2018» frå Dale (til venstre) kåra til den sikraste russebilen i Sunnfjord.
Frå fjorårets arrangement. Då vart «Liquoritas 2018» frå Dale (til venstre) kåra til den sikraste russebilen i Sunnfjord. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland