Inviterer til konkurranse om å etablere døgnkvileplassar
Statens vegvesen ønskjer å etablere døgnkvileplassar for tungtransport på strekningane Stryn–Oppstryn og Nordfjordeid–Kjøs.
- Utkvilte sjåførar er viktig for trafikksikkerheita. Statens vegvesen ønsker difor å gi eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som må ha pålagte kvilepausar, seier senioringeniør Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.
Døgnkvileplassane må ligge i nærleiken av riksveg 15/E39 og ha eigna tilkomst og servicebygg med sanitæranlegg.
Vil ha tilbod frå private
- Vi ønskjer å inngå leigeavtalar med private aktørar som kan tilby døgnkvileplassar med kapasitet på fem til ti oppstillingsplassar på strekningane mellom Stryn og Oppstryn. På strekninga mellom Nordfjordeid og Kjøs ønskjer vi døgnkvileplassar med cirka 10 oppstillingsplassar, forklarar Børtveit.
Konkurransen omfattar etablering, drift og vedlikehald av døgnkvileplassane.
Totalt 100 plassar i regionen
Statens vegvesen ønskjer tilbydarar fleire stader på Vestlandet. Målet er cirka 100 oppstillingsplassar fordelt på ein stad mellom 5 og 7 lokasjonar.
- Dersom vi kjem i mål og får nokon til å drive, blir det eit nettverk av døgnkvileplassar i Rogaland og Hordaland med under ein times køyring mellom plassane. I delar av Sogn og Fjordane er det dessverre ikkje like god dekning endå, seier Børtveit.
Kan bli vinn-vinn
- Aktørane må gjerne ha eigeninteresse av at døgnkvileplassen blir attraktiv for sjåførar. I utlysinga har vi formulert ei rekke krav til minimumsstandard, fordi kvileplassane skal vere innbydande og trivelege for sjåførar. Dei skal både få kvile i ro og fred, lage seg mat og få seg ein dusj, om dei ønskjer, seier Børtveit.
Døgnkvileplassane skal vere opne 24 timar i døgnet, med tilgang til opphaldsrom, tekjøkken, toalett, vask og dusj.
Fullstendig konkurransegrunnlag ligg i DOFFIN, den nasjonale kunngjeringsbasen for offentlege anskaffingar.
For meir informasjon, kontakt:
Senioringeniør i Statens vegvesen, Bjarte Børtveit