Opnar E39 klokka 17.00
E39 Førde - Skei opnar med styrt trafikkavvikling kl. 17.00. Oppryddingsarbeidet har gått raskt takka vere solid innsats frå entreprenørane.
- Maskinane har gått både dag og natt for å rydde opp i dei mange rasa på E39, og me vil takke entreprenørane for formidabel innsats for å rydde både europavegen og dei andre vegane i fylket, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.
Det kan vere nokre parti med innsnevring i vegbana og mellom Grimsbø og Moskog blir trafikken leia forbi i kolonne. Finden oppmodar folk til å visa omsyn for dei som jobbar, vere oppmerksame og følgje skiltinga.
Sjølv om vegen blir opna no i ettermiddag gjenstår noko arbeid, så det er naudsynt å stenge vegen i natt frå 23.00 til 06.00 for at entreprenørane skal få gjere seg ferdige.
Svenn Finden er kontaktperson for media:
Kontaktpersonar i Statens vegvesen:
Svenn Finden
Avdelingsdirektør Vegavdeling Sogn og Fjordane
Tlf. 95148614
