Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen får ikkje opna E39 eller fylkesvegane ved Hyen i dag.

 

Slik er status på dei stengde vegane:

E39 Førde – Skei: Blir ikkje opna i dag. Opprydding er i gang på fleire punkt. Mykje masse skal ryddast bort, men det ser ut som om bruene har klart seg. Ny status på opning blir sendt ut i morgon.

Fv. 451 Vassenden – Kjøsnes: Blir ikkje opna i dag. Rasområdet er framleis ustabilt, kanskje rydding i morgon.

Fv. 491 Ommedal: Blir ikkje opna i dag. Tverrelva bru er heilt borte. Brua blir erstatta av midlertidig løysing av betongkulvertar og steinmasse i morgon, slik at ein får forbindelse til dalen. Rydding pågår i dag lenger inn i dalen.

Fv. 615 Storebru-Sandane: Blir ikkje opna i dag. Framkomst frå Storebru forbi Hyen til raset ved Brødrene Aa.

Rv. 13 Moskog-Gaularfjellet: Opnar i kveld etter flaum ved Holsen. Rasmasse blir gravd vekk og elva ført bort frå vegen. Blir kunngjort på vegvesen.no/trafikk


Trafikken på E39 blir framleis omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei.

Det blir sett inn ekstra avgangar på Dragsvik-Hella også i natt.

 

Svenn Finden er kontaktperson for media:

Kontaktpersonar i Statens vegvesen:
Svenn Finden
Avdelingsdirektør Vegavdeling Sogn og Fjordane
Tlf. 95148614

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland