Planlegg sentrum for framtida
Torsdag 29. august arrangerer Statens vegvesen idédugnad om miljøgate i Sandeid.
Saudavegen gjennom Sandeid sentrum har i dag mykje trafikk, både personbilar og vogntog.
Målet med miljøgata er å utvikle tettstaden slik at det blir tryggare og betre for dei som går og syklar.
-Vi ønskjer også eit hyggelegare sentrum, som ikkje er prega av store grå flater med asfalt, men som har gode og tydelege løysingar for dei som går og syklar, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Margrethe Skimmeland Grinde.
Ho fortel at Statens vegvesen inviterer lag, bedrifter og organisasjonar til idédugnaden.
Program
- 11:30- 12:00 Innleiing
- 12:00-13:30 Idédugnad
- 13:30-13:45 Pause
- 13:45-14:30 Presentasjon av gruppeoppgåve
- 14:30-15:00 Oppsummering og avslutning
Seinare i planlegginga blir det også ein kontordag, der grunneigarar og andre kan møte for å få informasjon.
Tid for idédugnad: torsdag 29. august klokka 11:30-15:00
Stad: Sandeid samfunnshus
Kontaktperson i Statens vegvesen
Prosjektleiar Margrethe Skimmeland Grinde
Epost:
Tlf.: 412 19 761