Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har byrja å få oversikt over flaumskadene etter gårsdagens styrtregn. Opprydding på dei forskjellege stadene startar så snart områda blir erklært som trygge.

– Oppryddinga er alt i gang på Svidalsneset, men me veit ikkje om brua har klart seg før massar er grave bort og elveløpet er rydda, seier prosjektleiar drift Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

I Movika mellom Førde og Moskog står tre gravemaskinar og lastebilar klare til innsats, der minst 1000 kubikkmeter masse og tømmer sperrar E39. Mellom Movika og Svidalsneset har det i tillegg gått fleire mindre flaumskred, og det er truleg mykje å rydde opp i veggrøfter og stikkrenner før vegen kan opnast.

– Oppryddingsarbeidet er så vidt kome i gang, så det er alt for tidleg å sei noko om når dei flaumskadde vegane i Sogn og Fjordane kan opne. Informasjon om dette vil me kome tilbake med ut over dagen, seier Karlsen.

Geolog frå Statens vegevesen er no oppe i Helikopter for å synfare rasløpa – først rundt Jølstravatnet og deretter på vegane rundt Hyen. Der er Tverrelva bru på fv. 691 til Ommedal gravd heilt vekk av flaumvatnet, og vegen har fått store skader lenger oppe i dalen. Det er og gått eit stort skred over fv. 615 ut langs Hyefjorden.

Ved Holsen på rv. 13 nord for Røyrvikfjellet er ein bru tetta av flaummassar og vegen stengt. Gaularfjellsvegen er open med forbindelse til Sande via fv. 610, men denne vegen må ikkje nyttast av større køyretøy. Trafikken på E39 blir omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei.

 

Fotobyline:

Tverrelva Bru og fv. 615 ved Hyen: Even Hjelle, Statens vegvesen

E39 Svidalsneset og ras på fv.451 Jølster sørside: Jan Helge Albu, Statens vegvesen

 

  

 

Svenn Finden er vår kontaktperson for media ut over dagen:

 

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Svenn Finden

Avdelingsdirektør Vegavdeling Sogn og Fjordane

Tlf. 95148614

Tverrelva bru på fv. 691
Tverrelva bru Foto: Even Hjelle / Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland