Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Frå helga av blir det slutt på dei tre timar lange stengingane i E16-tunnelane i Aurland.

Sprengingsarbeidet i Flenjatunnelen er fullført, og det er difor ikkje lenger naudsynt å stengja tunnelen i tre timar av gangen.

- Me går no tilbake til kolonnar kvart 45. min., med avgang frå annakvar side, fortel byggjeleiar Hans Myklatun.

Ut mars vil arbeidstidene framleis vera frå kl. 20.00 til 06.00, måndag til torsdag, og 22.00 til 06.00 fredag og søndag.

Kolonnetider E16 Aurland, Flenja- og Gudvangatunnelen, t.o.m. 31.03.2019:

Flåm

Gudvangen

22.45

23.30

00.15

01.00

01.45

02.30

03.15

04.00

04.45

05.00

Arbeid med tekniske bygg og elektro

I Gudvangatunnelen er arbeidet med det elektriske anlegget i god gang. Trekkjerøyr skal leggjast og mangfaldige mil med kablar trekkjast gjennom dei to tunnelane. Nytt lys i kabelbrua og nye tryggleiksinstallasjonar skal på plass. Og alt skal koplast saman i nye tekniske bygg.

No startar elektroarbeidet også i Flenjatunnelen, etter at arbeidet med å sprengja ut rom til nye bygg inne i tunnelen er avslutta. Det står att ein del arbeid med å gjera desse ferdige, både inne i og utanfor tunnelane, mellom anna ved tunnelportalen i Gudvangen.

- Vinteren har vore snill med oss so langt, seier Myklatun. Om vêret held seg mildt, blir det gode tilhøve for utearbeidet.

Arbeid med krysset til Undredal

I tillegg til det som skjer inne i tunnelane, startar no arbeidet med krysset til Undredal. Dette skal flyttast litt opp, for å gi plass til dobbel breidd på vegen i retning nedover mot Flenjatunnelen. Slik skal den gjennomgåande trafikken få høve til å køyra forbi dersom det står bilar og ventar på å komma ned i Undredal.

 

Kontaktperson:

Hans Myklatun (byggjeleiar)

Telefon: 41495668

Foto: Silje Drevdal
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland