Vask av Rennfast-tunnelane – slutt på faste kolonnetider
Ved midnatt natt til måndag 20. mai startar Statens vegvesen vasking av E39 Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen.
Byggeleiar Rowan W. Zwart i Statens vegvesen innrømmer er tydeleg på at vaskinga og kolonnekøyringa ikkje har fungert godt nok for trafikantane.
- Difor endrer vi heile opplegget, for ikkje å plage trafikantane meir enn nødvendig. Vi prøver å vaske litt færre gonger i året, og håper det fungerer. Ferjene går så hyppig nå at faste kolonnetider ikkje fungerer. Difor har vi lagt opp til at kolonnene køyrer heile tida, seier Zwart.
Mindre ventetid
Alt i alt reknar Statens vegvesen at det nye regimet gir mindre ventetid for trafikantane.
Men Rowan poengterer at folk må berekne ekstra god tid når dei til dømes skal ut og reise.
Som nemnt startar vaskinga av Rennfast natt til måndag.
– Tunnelvask er viktig for trafikktryggleiken. Vi vaskar mellom anna vegen, nødstasjonar med utstyr og kamera, forklarar byggeleiar Rowan W. Zwart i Statens vegvesen.
Ferdig 24. mai
Arbeidet startar i Byfjordtunnelen klokka 00:01 måndag 20. mai. Det er kolonnekøyring fram til vaskinga er ferdig 06:00 same morgon. Klokka 22:00 måndag fortset arbeidet, med kolonnekøyring. Når arbeidet er ferdig i Byfjordtunnelen, startar arbeidet i Mastrafjordtunnelen. Også her blir det kolonnekøyring.
Vaskinga av Rennfast-tunnelane skal vere ferdig seinast klokka 06:00 fredag 24. mai.
Kontaktperson:
Rowan W. Zwart
E-post: rowan.zwart@vegvesen.no
Tlf: 412 35 249