Vegen over Sandvikseidet vert stengd i tre dagar
Fylkesveg 619 vert stengd mellom Selje og Sandvika, på dagtid måndag til onsdag i neste veke.
Stikkrenner skal skiftast ut på denne strekninga, og det kan difor ikkje vere trafikk på vegen. Arbeidet startar 23. september, og vert avslutta 25. september. Arbeidet går frå 08:30 til 16:00, og då vil vegen vere heilt stengd. Omkøyring er fv. 618 over Mannseidet (mellom Kjødepollen og Moldefjorden).
Kontaktperson:
Even Hjelle
Byggjeleiar
Mobil: 975 88 421
E-post: even.hjelle@vegvesen.no
Aktuelt for fylke(r):
Vestland, Rogaland