Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

Natt til fredag opnar ei ny avkøyringsrampe til Bekkefaret og Stavanger universitetssjukehus (SUS) når ein kjem sørfrå på Motorveien.

- Årsaka til at vi stengjer avkøyringa, er at det skal byggjast eit nytt overvatnssystem, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Terje Lerbrekk.

Tre felt

Den nye avkøyringsrampen er utforma med ein sving, og endar i tre køyrefelt i noverande rundkøyring. Høgre felt er til Ullandhaug, mens dei to andre er høvesvis til riksveg 44 og SUS.

Lenger avkøyringsfelt

Samtidig opnar eit nytt felt på brua over Motorveien.

- Det håper vi skal forhindre kødanning. Vi har også laga dagens avkøyringsfelt på Motorveien litt lenger for å få så god kapasitet som mogeleg, seier Lerbrekk.

Dette blir ei mellombels avkøyringsrampe. I august opnar den opprinnelege avkøyringa, men då er den oppgradert til standarden den skal ha når Ryfast opnar i 2019.

Vi ber om at bilistane held fartsgrensa og viser omsyn.

Ny avkøyringsrampe til Bekkefaret og Stavanger universitetssjukehus (SUS). Illustrasjon: Statens vegvesen Foto: Statens vegvesen/grafisk senter