Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

15 elektroentreprenørar er interesserte i prekvalifisering (oppfølging av kvalitetskrav) for den fyrste av to store elektro- trafikkstyringings- og overvåkningskontrakter for Ryfast.

På lista finn vi seks lokale elektroentreprenørar som tradisjonelt har jobba mot oljeindustrien. Det er to utanlandske entreprenørar på prekvalifiseringslista. 

- Vi er veldig fornøgde med at så mange har vist interesse. I vekene framover vil vi gå nøye gjennom kven vi vurderer som kvalifiserte til å vere med i den endelege tilbodskonkurransen, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord. 

Kontraktssummen er på cirka 300 millionar kroner. Kontraktsignering skjer i vinter, då Statens vegvesen ønskjer at dei som blir prekvalifiserte får god tid til å vere med i den endeleg tilbodskonkurransen. 

Det er kontrakten for den 14,3 kilometer lange Ryfylketunnelen som no skal behandlast. Seinare blir det ein tilsvarande prosess for Eiganes- og Hundvågtunnelen. Også denne kontrakten er på cirka 300 millionar kroner.