Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Sotrasambandet er Noregs største enkeltståande samferdslekontrakt. Tilbodsgrunnlaget for OPS-kontrakten vart nyleg sendt ut i marknaden via Doffin.

Kontrakten skal etter planen vere signert i 2021. Førebuande arbeid med å flytte dagens høgspentline til kabeltunnel byrja sommaren 2018. Gjennomslaget for den andre og siste kabeltunnelen skjer 16. januar, og dette er en viktig milepel for nytt Sotrasamband.

I dette høve inviterer Statens vegvesen saman med entreprenør til markering:

Tid: Torsdag 16. januar kl. 12:00

Stad: Anleggsområdet i Knarrevik (under brua)

Det blir enkel servering.

Media som ynskjer å kome inn i kabeltunnellen bes kontakte prosjektleiar på førehand for avtale.

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde, telefon 930 31 874 

Om flytting av høgspentlina:

For å kunne byggje ny Sotrabru må dagens høgspentkablar over fjorden erstattast av nytt kabelanlegg på strekningen mellom Breivik transformatorstasjon og Litlesotra transformatorstasjon. Kablane skal gå i eigen tunnel frå Breivik til Drotningsvik, vert hengt opp i fagverket på dagens bru og inn i ny tunnel i Knarrevik som fører fram til Litlesotra transformatorstasjon i Arefjord. Det vert framleis arbeidd i dei  to kabeltunnelane. Kabelgatene skal leggjast ferdig før BKK startar arbeidet med å trekke kablar sommaren 2020.

Om nytt Sotrasamband

Nytt Sotrasamband vart vedteke av Stortinget i mai 2018. Den eksisterande brua kan ikkje lenger handtere den sterke veksten i området.  Trafikken på Sotrabrua og tilførselsvegnettet til brua i dag overstig kapasiteten til vegsystemet i morgon- og ettermiddagsrushet. Det gir periodevis store køar på sambandet over Sotrabrua, og på heile strekninga mellom Straume i vest og Storavatn i aust.

Nytt Sotrasamband skal bidra til auka framkomme og trafikksikkerheit, og styrke Øygarden kommune sin posisjon for regionale og nasjonale næringsinteresser som en integrert del av ein funksjonell Bergensregion. I tillegg til ny bru, skal det byggast fire nye tunnelar, samt gang og sykkelveg. Prosjektet inneber òg opprusting av eksisterande bru.

Prosjektet skal gjennomførast med OPS som gjennomføringsmodell. OPS er ein forkorting for "offentleg privat samarbeid". Leverandøren tek på seg eit totalansvar for å prosjektere, bygge, finansiere, drifte og vedlikehalde kontrakten i 25 år.