Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Aluminium er eit materialval som kan redusere kostnadane.

-Vegvesenet har gjennomført eit utviklingsprosjekt for bru over Langenuen på strekninga E39 Stord-Os for å finne potensial for kostnadsreduksjonar, seier Daniel Tran, risikoingeniør i Statens vegvesen.

Brua over Langenuen mellom Stord og Tysnes er kostnadsrekna til omlag NOK 5 mrd. inkludert meirverdiavgift, usikkerheit og byggherrekostnader. Det er planlagt fire-felts motorveg og 110 km/t på strekninga. Hovudspennet til hengebrua er om lag 1200 meter. Ei brukasse i aluminium kan redusere kostnadane med anslagsvis 14 millioner kroner.

Aluminium kan innehalde opp mot 70 prosent resirkulert materiale

-Aluminium har ein rekke fordelar. Ei aluminiumsbru korroderer ikkje fordi oksidbelegget til aluminium beskyttar mot korrosjon. Maling er difor ikkje naudsynt. Aluminiumen i brua kan innehalde opp mot 70 prosent resirkulert materiale, derfor er aluminium både eit klimavennleg og kostnadsreduserande materialval, poengterer Tran.

Gode moglegheiter for norsk næringsliv

-At det er mogleg å kunne byggje brukasse i aluminium påverkar marknaden, og vil gje auka konkurranse. Dette kan føre til at kostnader for bygginga vert lågare, seier Tran.

- Å velgje aluminium gjev moglegheiter for norsk nærlingsliv sidan verfta her til lands har svært høg kompetanse på bygging av aluminium, men gode produsentar finst også i utlandet. Sidan vi tidlegare har utført ein konseptstudie med konvensjonell brukasse i stål, har det vore eit godt samanlikningsgrunnlag for å sjekke om aluminiumsalternativet kunne vere konkurransedyktig, forklarar han.

Tran seier at forskinga viser at det er mogleg å bygge brukassen med stor grad av lokalt innhald ved aluminiumsverkstader i nærleiken av brukryssingslokasjonen. I tillegg blir det foreslått å etablere ein samlebandfabrikk som til fulle kan utnytte effektiviteten frå automatiske sveise- og byggjeteknikkar.

Sjå også denne animasjonen om samanstillingsprosessen:

video 

Kort om utviklingsprosjektet

Utviklingsprosjektet i regi av Statens vegvesen er eit samarbeid mellom Dr. techn. Olav Olsen, Hydro, Leirvik AS, NTNU og SINTEF. Dr. techn. Olav Olsen har leia utviklingsprosjektet. Designforslaga i tidlegfasen har vore gjenstand for gjennomgang og uavhengige analysar av DNV GL, som har hatt rolla som verifikatør.

 

 

 

Tverrsnitt av brukasse: Aluminium kan være eit aktuelt materialval for bru over Langenuen (Illustrasjon: Vianova/Baezeni) Foto: Vianova og Baezeni