Sogn: Fjærlandstunnelen blir stengd
Fjærlandstunnelen blir stengd frå søndag kveld klokka 23.00 til måndag klokka 06.00.
- Det blir gjennomkøyring frå Kjøsnes klokka 02.30 og frå Fjærlandstunnelen klokka 02.45, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.
I tillegg kan det bli stengt i inntil éin time i tidsrommet klokka 20.00–23.00 og inntil 30 minutt klokka 06.00–20.00.
- Vi skal sprenge to snuplassar for brøytebil, ein i kvar ende av tunnelen, forklarar Hovland.
I samband med arbeidet i tunnelen vert lysa i taket av tunnelen demonterte.
Tidlegare melding om nattestenging langs Rv5 Sogndal - Skei fram til 19. desember gjeld framleis.
For fleire spørsmål, kontakt prosjektleiar Sveinung Hovland, tlf 97517080
