Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

På Oppedal er arbeidet med å bygge ny ferjekai godt i gang. Store mengder stein er sprengt vekk for å utvide kaiområdet.

Ferjekaia på Oppedal vert bygd om lag etter same mal som Anda ferjekai i Gloppen som stod ferdig i 2013.

Auka oppstillingsplass

I tillegg til ny ferjelem blir det også her bygd ein pir der ferja kan legge til. Her er det installasjonar med ladeutstyr for batteriferja som skal inn på sambandet frå 2015.

Når den nye kaia står ferdig skal dagens kai fungere som reserve- og kvilekai for ferje nummer tre. I dag finst det ingen reservekai på Oppedal, noko som gjer at ved tekniske problem på ferjekai vil næraste reservesamband vere Mannheller-Fodnes, langt inne i Sognefjorden.

Talet på oppstillingsplassar på Oppedal vil auke frå ca. 115 til 153 personbilar.

Problem med leire

Undervegs i arbeidet med å sprenge ut plass til ny kai møtte entreprenøren på utfordringar då det vart oppdaga store mengder leire i skråninga mot E39.

- Vi var redde for at heile bakken, der det også står eit industribygg, skulle begynne å sige, seier prosjektleiar Oddvin Hov.
Løysinga vart å setje inn ein spuntvegg, ein metallvegg for å halde massane på plass, før leira vart gravd vekk og fjerna, og holet vart fylt på med stein.

- Dette har gjort at prosjektet har blitt forsinka med fleire veker, men det får ingen konsekvens for slutt datoen som er 1. desember 2014, seier Hov.

Aktuelt for fylke(r): Vestland