Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Vi er godt nøgde med påmeldinga til open dag på E39 Svegatjørn-Rådal komande søndag, 30. september, seier Sverre Ottesen.

Han er prosjektleiar i Statens vegvesen. Påmeldingsfristen gjekk ut søndag - og vi har nådd det målet vi sette oss for denne tilskipinga. Han presiserer at alle påmelde skal få bli med på bussturen gjennom Skogafjellstunnelen til Endalausmarka.

Men for dei som ikkje har melde seg på no – er nok sjansen gått – for denne gongen.

Mat og maskiner

Det blir servering og stand med informasjon i tunnelmunninga ved Svegatjørn. Veidekke stiller med maskiner. Det vil og bli ein kort stopp på fylkesvegbrua som går over E39 gjennom Endalausmarka.

Vente på buss?

Buss hentar publikum på Amfi senter mellom kl. 12.00 og 14.00 og køyrer gjestane til Svegatjørn. Etter opphald her går det minibussar vidare nordover gjennom tunnelen. Det kan bli noko ventetid på bussturen gjennom anleggsområdet. Etter turen blir det buss tilbake til Amfi.

Frå anleggsområdet i Endalausdalen. (Foto: Geir Brekke)
Frå anleggsområdet i Endalausdalen. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland