Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen sin kontrollingeniør fann ein stor krystall-klump under driving av Råtunnelen på E39 Svegatjørn–Rådal.

Når det er sprengt salve i tunnelen gjeld det å få ut massane med maskin og lastebil så fort som råd, slik at ein kan bore hol til neste salve. Stein er stein og massane blir ikkje vurderte før utlasting og transport til stein-deponiet.

Blenk på røysa

Men denne gongen fekk kontrollingeniør Jens Volden auge på ein uvanleg «stein» då han var inne i tunnelen etter enda ein salve i Råtunnelen. Han såg ein blenk i steinen som han ikkje hadde sett før. Etter reingjering viste det seg at det var eit stort krystall-stykke han hadde kome over.

Kalkspatkrystall

Geolog på prosjektet seier at det ikkje er uvanleg å finne krystall i ein del gruver, t..d. i kalksteingruver. Men på vegprosjekt er det ikkje daglegdags. Iallfall ikkje med dei bergartane som ein vanlegvis har på Vestlandet. Austafjells er det nok mindre uvanleg at ein kjem over slike krystallfunn.

Funnet i Råtunnelen er ein kalkspatkrystall (kalsitt). Det er helst i lavabergartar og granittar at krystall-stein kan dukka opp etter fjellsprenging.
Krystallfunnet frå Fana er no «arkivert» på prosjektkontoret i Fana.

 

Kontrollingeniør Jens Anders Volden i Statens vegvesen fann denne kalkpartskrystallen under tunneldriving på E39 Svegatjørn–Rådal.
Kontrollingeniør Jens Anders Volden i Statens vegvesen fann denne Kalkspatkrystallen under tunneldriving på E39 Svegatjørn–Rådal. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland