Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har i samråd med Førde kommune utarbeida utkast til detaljreguleringsplan for E39 Fjellvegen-Hafstadvegen. Målet med planen er å legge til rette for god trafikkflyt, for bilar, gåande og syklande på strekninga frå rundkøyringa på Hafstad i aust til rundkøyringa ved Storehagen bru i vest.

Illustrasjonsbilde detaljreguleringsplan E39 Fjellvegen-Hafstadvegen

Reguleringsplanen

Planen omfattar veganlegga i Førde sentrum som ligg sør for Jølstra. Planen legg opp til at Hafstadvegen vert ei gate der gåande får eigne område å vere på. Det vert torgplassar for opphald og aktivitet, mens bilane får mindre plass. Hovudtraseen for sykkel i Førde går gjennom planområdet.

På E39 skal dei ulike kryssa utbetrast slik at dei vert meir trafikksikre. Begge kryssa til Hafstadvegen vert flytta litt på. Det vert ny tilkomst for bilar til Lysthaugen, litt aust for bustadane. Dagens tilkomst vert vert endra til ein gang og sykkelveg. Løysingane i planen legg opp til at ein del parkeringsplassar forsvinn. I desse dagar vert ei ordning for parkering greidd ut for Førde sentrum.

Merknader

I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 blir planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn frå 25. juni. Frist for å komme med merknader til planen er 3. september 2019.

Marknader skal sendast skriftleg til
• Førde kommune, Boks 338, 6802 Førde,
• eller som e-post til postmottak@forde.kommune.no

Plandokumenta er tilgjengelege på
• Servicetorget i Førde rådhus
• Førde Bibliotek i Førdehuset
• kommunen si heimeside på internett under kunngjeringar: https://www.forde.kommune.no/om-oss/kunngjeringar

Informasjonsmøte

Det skal vere eit ope møte der planen vert presentert den 14. august kl. 1900-2030 i Førdehuset. Etter møtet vert det høve til å snakke med planleggar, grunnervervar og prosjektleiar i Førdepakken. 

Kontakt

Spørsmål kan rettast til Vigdis Lobenz på tlf. 975 17 380/e-post: eller planprosjektleiar i Statens vegvesen, Gun- Mari Ødegård: .

Aktuelt for fylke(r): Vestland