Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen stenger Sola Prestegårdsveg måndag 27. juli. Vegen blir stengt for bilar i tre veker, til 17. august.

Grunnen til stenginga er at entreprenøren skal opparbeide ny omkøyringsveg og legge vatn- og avløp og kablar i bakken.
Dei som bur i området må køyre ut og inn i krysset Sola Prestegårdsveg og Tanangervegen ved Sømme barnehage.

Stengt for syklar i to år

For dei som går og syklar blir vegen stengt fram til anleggsarbeidet er ferdig, sommaren 2017. Dei nye sykkelvegane blir skilta.

Frå nord mot Sømmevågen og Sola sentrum:

ta til venstre ved Sømme barnehage og følg Sola Prestegårdsveg eit stykker. Ta deretter til venstre mot Sola sjø, og vidare langs anleggsbrakkane og Flyhistorisk museum fram til Sømmevågen.

Frå nord mot flyplassen og Solastranden:

følg skilta nyasfaltert sykkelveg langs sørvestsida av Tanangervegen via Sømmebakken eller Sømmevegen, bak Quality Airport Hotel.

Frå aust mot Tananger:

ta til høgre rett etter Sømmevågen og sykle langs sjøen forbi Flyhistorisk museum. Ta til venstre rett etter anleggsbrakkane, og følg skilta veg til Sola Prestegårdsveg.

Frå aust mot flyplassen og Solastranden:

sykle på sørsida av vegen langs Sømmevågen og følg skilta sykkelveg mot flyplassen.

kart som viser ny midlertidig sykkelveg i Sømmevågen
Rosa streker viser ny rute for gåande og syklande i Sømmevågen (større kart vedlagt) Foto: Grafisk senter, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland