Artikkelen er fra 2013, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har skrive kontrakt med AF Gruppen om bygging av rasteplass til Hardangerbrua på Bu.

Dette er frå før ein av dei tre store hovudentreprenørane på Hardangerbrua, som har hatt oppdraget med bygging av tunnel- og veganlegget på båe sider av fjorden. Rasteplassen er ei langt mindre oppgåve, med ein prislapp på 3,4 mill.kr. Plassen vil stå klar i god tid før opninga av Hardangerbrua i august.

Prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen (t.v.) gratulerer Lars Kristian Fadnes i AF Gruppen med oppdraget om bygging av rasteplass for Hardangerbrua. Ståande byggjeleiar Gunnar Ringheim i Statens vegvesen. ( Foto: Jan Olav Skogland
Aktuelt for fylke(r): Vestland