Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Denne veka har Hæhre starta å rigge seg til ved Skjøiten bru. Frå neste veke er fleire av anleggsarbeida i gang for fullt

Her kjem anleggsriggen litt nord for brua. (Foto: Kjell Wold)

–Det er satt opp skilt og sikring,  den nye veglinja er stikki ut og rydding av skog har starta, fortel byggeleiar i Statens vegvesen Tone Bakken.

I dag var ho og grunnervervar Åse Marit Thorrud ved Skjøiten for å møte grunneigar og snakke med folka frå Hæhre som no gjer seg klare. Entreprenøren får anleggsrigg rett nord for brua og reikner med full anleggsdrift om snaue to veker.

Her kjem ny bru sør for dagens bru. (Foto: Kjell Wold)

Då blir det både sprenging og graving,  noko som vil gje både støy, rystingar og støv som vil merkast i nabolaget. Bilistane på rv. 52 til og frå høgfjellet vil og merke at anleggsdrifta no tek til for alvor.

Deler av vegbanen blir snevra inn slik at trafikken må passere på eit felt. Då vert trafikken anten dirigert manuelt eller lysregulert. Noko venting må påreknast, melder Statens vegvesen. Dei ber derfor bilistane vise tolmod. Ved sprenging kan ventetida bli lengre.

Biltrafikken forbi anleggsstaden på rv 52 vil merke vegarbeidene (Foto: Kjell Wold)

Allereie frå 18. mai reknar ein med å starte førebuingane til bruarbeidet nede i Mørkedøla der to brupilarar skal byggjast. Det er viktig at ein kjem så langt som mogleg med dette bruarbeidet før vårflaumen startar nærmare sommaren.

Byggeleiar og grunnervervar i SVV i passiar med grunneigar og Hæhre. (Foto: Kjell Wold)

Vegarbeidet som no startar på rv. 52 er godt skilta og hastigheita er redusert til 50 km/t forbi anleggsstaden.   

 

Rydding av vegetasjon for ny Skjøiten bru er allereie i gang. (Foto: Kjell Wold)