Det er sprengt ut kring 350.000 kubikkmeter fjell i samband med bygging av Hardangerbrua. Driving av tunnel, skjæringar og byggjegrop for brutårna har gjeve overskot på steinmassar. Massane er nytta mellom anna til to store deponi.

Rassikring

Det største deponiet er nytta til rassikringa på rv. 13 i Bugjelet. Her er vegen lagt ut på fylling over gjelet, med rasløp i botnen av fyllinga. Den nye veglina ligg lenger nord i gjelet og gir magasin ved framtidige ras. Fyllinga er på kring 140.000 kubikkmeter.

Ny hamn

Kring 100.000 kubikk med tunnelstein er nytta til deponi i form av molo i Vallavik. Dette gav god hamn under byggjeperioden, og er no småbåthamn.

Øvrige steinmassar er nytta til vegbygging i prosjektet. Det er og lagra overskotsmassar i deponi på Bu, og i Smedvika, som ligg mellom Vallavik og Bruravik.