Prosjektet er lokalisert i eit område med høg landskapsverdi og Hardangerbrua er synleg frå fleire kantar og på lang avstand. Ei hengebru er i utgangspunktet eit symmetrisk, luftig og samanbindande element i landskapet, men kan og verke forstyrrande.

Det er små terrenginngrep der brua møter land fordi vegen går direkte inn i tunnel på begge sider av fjorden. Prosjektet medførte lite inngrep i naturmiljøet. Der det er inngrep, er det i natur med lokal verdi. Det vart heller ikkje store konsekvensar for kulturmiljøet. Eit lite stykke av den gamle, lokalt verdifulle grendavegen måtte leggast om.

Brua ligg ikkje langt unna det verneverdige tunet Vallavik, og kunne verke som eit forstyrrande element i forhold til opplevinga av kulturmiljøet. I tidlege planar låg brua nærare Vallaviktunet, men er trekt vel 100 meter lenger vest av omsyn til omgivnadene. Det blei også gjort store endringar i planane på Bulandssida, nettopp av omsyn til landskap og miljø.