Den såkalla catwalken har vore under bygging i fleire veker, etter at det i andre halvdel av juli blei trekt 24 ståltau mellom Vallavik og Bu, som grunnlag for bygging av dei to arbeidsplattformane og ei taubane til transport av mannskap og reidskap mellom brutårna.

3.500 meter gangnett

Sjølve gangvegane er samansette av tilsaman 1.716 stålmatter, som ser ut som nettingplater. Mattene er 2,1 meter lange og 3 meter breie. Såleis er det bygd nærare 3.500 meter med nettingplater til catwalken, som går i båe sidespenna på Bu og i Vallavik og i hovudspennet over fjorden mellom brutårna.

Stålmattene er bygde i Tyskland og kvar matte har fått montert trestokkar som fungerar som sti-tråkk for mannskapa som skal gå på catwalken. Trestokkane er monterte på netta av snikkarverksemda Nedrevåg AS i Kinsarvik, nokre mil frå brustaden i Ullensvang. Platene er bygde saman i kring 15 meters lengde når dei blir monterte i bruspennet.

Transport-korg

Catwalk i sidespenna er ferdig, slik at mannskap kan gå frå bakkenivå og opp i brutårna, og nedatt. Men den enklaste transporten for mannskap er via den innvendige heisen i båe brutårna, som tek tre minutt til toppen, 185 meter over fjorden.

Catwalken i hovudspennet er no under bygging, både frå tårn og frå midten av fjordspennet og vidare mot brutårna.
Mannskap og reidskap blir frakta mellom brutårn og byggjeplassane ute i spennet med ei korg som køyrer på taubana over fjordspennet.

Opningstur

Statens vegvesen har bygd ein serie med hengebruer på 90-talet i Hordaland. Tradisjonen er at første turen over catwalk blir markert med ein spasertur frå båe tårn, med handhelsing og talar midt i fjorden. Då er det også tradisjon at ordførarane i kommunane der brua ligg, ligg i tet under bruvandringa. I dette tilfellet blir det ordføraren i Ulvik som møter ordføraren i Ullensvang 60 meter over Eidfjorden, midt mellom Bu i Ullensvang og Vallavik i Ulvik.