Helgetrafikken med ferja mellom Bruravik og Brimnes var i full gong då mannskapa til Veidekke og kontrollørane til Statens vegvesen runda av den største støypejobben på brutårna fredag kveld. Då hadde betongbilane gått i skytteltrafikk frå blandeverket på Bu og levert tilsaman 900 kubikk til den 150 kvadratmeter store og seks meter djupe forskalingskassen frå 17-tida onsdag.

Samstundes blir tvillingfundamentet på Bu klargjort til ein tilsvarande operasjon i veke 44. Og opp frå fundamentet er entreprenøren snart klar til å starte klatringa på sjølve brutårnet. Dersom alt går som planlagt skal det byggjast kring fire meter tårn kvar veke i tida fram mot jul. Dermed skulle det kunne bli nærare 20 meter med to tårnføter som reiser seg - før hardingar og anna godtfolk kan pynta julegrana.

Tårnarbeidet har starta på Bu, medan byggjegropa for fundamentet i Vallavik er under fullføring. Planen er at Veidekke skal ta over byggjeplassen også her i slutten av veke 43.